Signe Sollien Haugå, arkitekt Erick T. Allende og prosjektkoordinator Ingvild Hovden presenterer prosjektet og planlagt studietur.
Me håpar frammøtte vil ha innspel om til dømes firma/ aktørar som bør involverast, område som kan vere aktuelle for realisering av byggjeprosjekt samt innspel til utforming av overnattingseiningar med fasilitetar.

Påmelding til middag seinast 19. september til post@hovdenkontoret.no / tel 959 79 856

Målet med prosjektet

Målet med prosjektet er å utvikle modellar for berekraftig byggeri i form av smarte overnattingseiningar. På den måten ønskjer ein å bidra til verdiskaping for både handverkarar, produsentar, grunneigarar og reiselivsaktørar som kan utvikle unike, attraktive og miljøvennlege overnattingseiningar fleire plassar i Setesdal. Realisering av byggjeprosjekt vil samstundes styrke Setesdal som eit attraktivt reisemål.

Berekraftig utvikling er i følgje nynorskordboka ”utvikling som gjev økonomisk vekst og betre levekår for folk i dag utan å tære på livsgrunnlaget for framtidige generasjonar”.

Bakgrunn

Setesdal regionråd har søkt og fått løyvd støtte frå ”Fjellsatsinga 2017 – næringsutvikling og verdiskaping i fjellområdene”. Setesdal er sertifisert som berekraftig reisemål, og dette prosjektet vil vere eit godt tiltak for å følgje opp satsinga. Arkitekt Erick T. Allende som er busett på Hornnes har kompetanse innan og interesse for berekraftig byggeri. Han vil følgje prosjektet tett vidare.