Ylva og Henning har kvalifisert seg for landsfinale
Ylva Aasland og Henning Austenaa Kjetså ved Hornnes barneskule har kvalifisert seg for landsfinalen i Sikker på sykkel

Lykke til i landsfinalen Ylva og Henning!

Ylva Aasland vart beste jente og Henning Austenaa Kjetså vart beste gut i distriktsfinalen i sykkelkonkurransen i Mandal. Vi er svært imponerte over innsatsen både i trafikkteori og i dei praktiske sykkeløvingane. Betre kan det ikkje bli!

NAF inviterer kvart år alle skular i Noreg til å delta på "Sikker på sykkel". Det er ein konkurranse for barn i alderen 10 til og med 12 år. Sikker på sykkel definerest som tidleg innsats for trafikksikkerheit blant ungdom. I 2016 var det 38000 deltakar, og som kjent var vinnarane i landsfinalen (Desiree og Petter) frå Hornnes barneskule. Petter deltok på Noreg sitt lag i internasjonal finale i Praha.

Kompetansemåla i grunnskulen skal sikre barna kunnskapar og dugleikar som gåande og syklande. 

I generell del av læreplanen står det at:

  • skolen skal ruste barn til å møte livets oppgaver og mestre utfordringer sammen med andre. Den skal gi hver elev kyndighet til å ta hånd om seg selv og sitt liv.
  • opplæringa må tilføre holdninger og kunnskaper som varer livet ut og lære de unge å se framover og øve evnen til å treffe valg med fornuft

Kompetansemål i kroppsøving etter 4. trinn:

  • Elevane skal kunne følge trafikkreglane for fotgjengarar og syklistar


Kompetansemål i kroppsøving etter 7. trinn:

  • Elevane skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel


I landsfinalen får dei to beste jentene og dei to beste gutane frå kvart distrikt i landet delta. Landsfinalen går føre seg i Letohallen ved Gardermoen den 17. juni.
Barneskulane i Evje og Hornnes deltar på distriktfinalen i Mandal der beste jente og beste gut frå skulane på Agder deltar. Vi er kjempestolte over å ha vinnarane i både jente- og guteklassen. Gratulerer Ylva og Henning!  Alle på skulen ønsker lykke til i landsfinalen 17. juni!