Fagdag om endringene i plan- og bygningloven

Fagdag om endringane i plan- og bygningsloven
Setesdal Regionråd i samarbeid med Valle kommune
inviterar næringsdrivande i bygge- og anleggsbransjen
frå kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle
til fagdag om endringane i plan- og bygningsloven.
MÅNDAG 11.04.2011, kl. 10 - 15 i kommunestyresalen
i Valle kommunehus
Formålet med fagdagen er å gi ei enkel innføring i kva
type søknader som gjeld, funksjonar i byggesaka, slik som
ansvarlig søkjar, prosjekterande, utførande og kontroller -
ande, kva skjema som skal sendast inn til kommunen for
dei ulike søknadstypane og til dei ulike funksjonane, samt
ei orientering om kvar ein kan finne hjelp på internett.
Grunna servering, ber vi om førehandspåmelding til Velkomstsenteret
i Valle kommune, tlf. 37937500, eller
e-post velkomstsenter@valle.kommune.no,
innan tysdag 5.04.2011.
Foredragsholder Jørgen Ubisch som er byggesaksbehandler i Tvedestrand kommune. Har også bakgrunn som lærer på yrkesskule og som yrkesutøvande i byggebransjen.
Dagen blir leda av ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund.
Mat blir på Valle Motell, suppe, rundstykker med kaffi og kaker, kl. 12 – 13.
Fagdagen er gratis!
Oppgi e-post eller telefonnummer ved påmelding.
Bare for firma, vi har diverre ikkje plass til å take i mot personar som ikkje er tilknytta eit firma innan bygge-anlegg eller rørlegger bransjen.
For meir informasjon kontakt
Liv Elin - 37 93 75 35 (i Valle måndag, tysdag og torsdag)
