Stasjonsbygningen på Evje

Stasjonsbygningen på Evje_200x125.jpgI 66 år, frå 1896 til 1962, gjekk det jernbane gjennom dalføret vårt - frå Kristiansand til Byglandsfjord. I kommunen vår hadde me stasjonar, og stasjonsbygningar, på Evje, på Hornnes og på Moisund. Moisund var forresten eit namn som kom med banen. Garden stasjonen låg på, heiter Moi. På biletet ser me stasjonsbygningen på Evje slik han såg ut då han var nyreist. Stasjonsbygningane på Setesdalsbanen var alle teikna av den kjende arkitekten Paul Armin Due. Det blir sagt at arkitekt Due var påverka og inspirert av stabbura i dalen, og stasjonsbygningane blei reist i nasjonalromantisk tømmerstil utan panel. Dei var vakre å sjå, og mange vil nok i dag meine det var uklok handling å rive stasjonsbygningen på Evje. Rundt denne bygningen var det at det som nå er Evje sentrum, vaks fram. Og mangt og mykje hadde denne bygningen sett og opplevt i dei åra han fekk lov å stå.

Setesdal vidaregåande skule

Setesdalen Vidaregåande skule (Hornnes Landsgymnas)_200x133.jpgDen vidaregåande skulen på Hornnes blei starta opp i 1918 som kommunalt landsgymnas. Bygda vår hadde framsynte politikarar som la ned eit stort arbeid for at dalen skulle få eit slikt skuleslag. I 1923 tok staten over drifta av landsgymnaset, og hausten 1925 kunne skulen flytte inn i eige bygg, det me ser på biletet. Arkitekten heitte Hauff, og det låg  føre planar om eit endå større skuleanlegg enn det som blei reist. Men dei økonomisk sett vanskelege tidene i 1920-åra stengde for at at desse planane kunne bli realiserte.

I byane blei landsgymnasa dei fyrste åra møtt med skepsis, men det synte seg raskt at desse skulane fekk særleg gode eksamensresultat, og Hornnes landsgymnas hadde etter få år opparbeidd seg ein sterk posisjon mellom gymnasa i landsdelen vår. Motivert og evnerik bygdeungdom søkte skulen og fekk ei utdanning dei fleste av dei ikkje ville ha fått om dei måtte ha søkt utdanninga si i by. I mange år blei det bare
teke opp ein ny klasse kvart år, og elevtalet låg på i overkant av hundre. Men i 1960-åra auka elevtalet til om lag det doble. Skulen som blei fylkeskommunal frå 1965, laut byggje elevheim og utvide skulebygningen med nye rom.

I fyrste halvdel av 1970-åra tok den gamle landsgymnasordninga slutt. Hornnes landsgymnas blei ein vanleg vidaregåande skule. Namnet blei forandra, fyrst til Hornnes gymnas og seinare til Setesdal vidaregåande skule. Skulen har nå tre studieretningar og får elevane sine særleg frå dei indre bygdene i dei to Agder-fylka.

Fennefossgardane

Fennefossgardane_200x145.jpgVakkert til ligg garden Fennefoss med utsyn til Otra-elva som i skumande skavlar kastar seg utfor Fennefossen for så å leggje seg til ro i stille flyt ut mot Breiflå. Våren kjem tidleg til Fennefoss, og jorda er grøderik gammal kulturjord. Og eit kultursentrum har garden Fennefoss vore. Hit kom Hans Nilsen Hauge i 1803, og Hauge-rørsla fekk eit støtt fotfeste på Fennefoss. Mellom dei lokale Haugevenene var vel Ola Torgrimson Fennefoss den mest kjende. Han blei vald til stortingsmann og var med i Hauge si gravferd i 1824.  

Hovudpersonen i Skipper Worse av Alexander Kielland heiter Hans Nilsen Fennefoss. Fennefoss-namnet har Kielland heilt visst teke frå Hornnes. I romanen kan me lese: "Hans Nilsen tenkte å gå langs kysten fra gård til gård like til Kristiansand - samlende vennene til oppbyggelse hvor han kom frem. Fra Kristiansand ville han ta oppover Setesdalen, og ved juletider gjorde han regning med å være i sin hjembygd. "At den heimbygda Kielland skriv om, var Hornnes, treng ein ikkje tvile på.

Det kommunale museet ligg nå på Fennefoss. Eit museum er ein sentral kulturinstitusjon i ei bygd og knyter fortida til nåtida. Sjeldan finn du ein meir naturleg heim for eit museum enn garden Fennefoss.

Lokale sagbruk

Lokale sagbruk_200x130.jpgI dag har bygda vår tre sagbruk i samanhangande drift. Eit par vassager er ennå periodevis i drift, og i kommunen har me ei flyttbar, traktordriven sag. Men ein gong hadde sagbruk som næringsveg eit heilt anna omfang enn nå. Om me går 50 - 100 år bakover i tida, finn me lokalt ei mengd små og store sager. I mest kvar ein bekk hadde dei grodd opp. Gardssager hadde det kome utetter i siste halvdelen av 1800-talet. Men det var etter Setesdalbanen var komen til dalen i 1896, at bygdene Hornnes og Evje blei verkeleg sagbruksbygder. 

Frå då av kan me tale om ein lokal sagbruksindustri, og det blei utover på 1900-talet skore store mengder både med stav, planker, bord og sviller. Særleg var det periodevis mange arbeidsplassar og god økonomi i den lokale stavproduksjonen. Kultursoga for Evje og Hornnes fortel nokså detaljert om kvart av desse sagbruka, bruk som kunne vere nokså ulike i storleik, produksjon og levetid, men som på kvar sin måte utnytta dei lokale ressursane og var med på å skape liv og røre i bygda vår. Biletet syner oss Suva-saga ved garden Klepsland i Evje.

Hornnes futegard

Hornnes Futegard_200x132.jpgSærs vakkert ligg "Futegarden" på garden Hornnes. Biletet er teke ein seinsommardag då bøndene ennå skar kornet og sette det på staur. "Futegarden" blei seld til det offentlege i 1865. Namnet "Futegarden" kjem av at frå same året, frå 1865, var garden verestad for futen i Vestre Råbyggjelag. Futen i Setesdal hadde kontoret sitt her, og budde her, fram til 1919, då embetsskipnaden blei ein annan. Men nå hadde bygda fenge gymnas, og staten leigde i mange år ut husa i Futegarden til gymnaslektorar.

Jorda som høyrde til bruket, gjekk i 1920-åra attende til privat eige, og nå er også husa i Futegarden på private hender. Men den vakre og stilreine bygningen er teken vel vare på, og eigaren har fenge ein kulturvernpris for at han slik har vist vyrdnad for ein nedervd kulturskatt.

Flot nikkelgruve

Flåt Nikkelgruve_200x126.jpgFjella i Evje har frå skapinga av gøymt store rikdomar. Dei siste generasjonane har fenge tekniske hjelperåder til å gå inn i fjella og ta ut frå desse rikdomane. Mest å seie for bygda fekk gruva i Flot mark. Det var i 1872 dei begynte å drive ut nikkel og koppar frå denne gruva, og drifta var i gang fram til 1945. Det er sagt at 3 millionar tonn malmhaldig masse blei henta opp frå djupet. Dei malmhaldige gangane gjekk ned til om lag havnivå, det vil seie 420 meter under bakken.

Denne gruvedrifta fekk svært mykje å seie både for privat og kommunal økonomi i Evje, og mange arbeidssøkjande kom til Flot, fann arbeid her og slo rot i bygda vår. Biletet syner flotasjonsanlegget slik me kunne sjå det då gruvedrifta tok slutt ved årsskiftet 1945/46.

Evje nikkelverk

Evje Nikkelverk_200x128.jpgFrå gruva blei malmen frakta den fem kilometer lang vegen ned til smeltehytta. Det var gitt konsesjon til bygging av smelteverk i Evje i 1873, og verket blei reist ved Fennefossen der det i 1910 også blei bygt kraftstasjon for å forsyne anlegget med elektrisk straum. Fram til 1909 gjekk transporten frå gruva til verket føre seg med hest. Men det året blei det bygt taubane. Røyken frå Evje nikkelverk gjorde så stor skade på vegetasjonen i næromraådet at det frå 1916 av blei forbode å smelte i sommarmånadene.

Då jernbanen var komen til dalen i 1896, blei det lettare å få lønsemd i drifta ved gruva og verket. Transportutgiftene til og frå kysten gjekk ned til ein sjettedel av det dei før hadde vore. Då gruva sveiv på sitt beste, var arbeidsstokken ved Flot nikkelgruve og Evje nikkelverk til saman oppe i 320 personar. Slik blei verksemda ei utruleg sterk økonomisk lyftestong for ei lita bygd. Men arbeidet var farleg, og melding om dødsulukker og andre alvorlege ulukker kom med ujamne mellomrom.

Evjemoen

Evjemoen_200x124.jpgDet var i 1909 det blei vedteke at det skulle byggjast ekserserplass i Evje. Staten kjøpte i 1912 inn eit areal på 10 000 mål til militært føremål, og Evjemoen blei opna i 1918. Men leiren var bare periodevis i bruk i tida fram til okkupasjonen. Men tyskerane hadde store styrkar stasjonerte på Evjemoen, og dei bygde ut det som blir kalla Søndre leir. Etter krigen blei Evjemoen teken i bruk av Bergartilleribataljon nr. 1, som hadde leiren til IØ 2 flytta inn i 1953. IØ 2 utdanna soldatar til dei ståande avdelingane fram til 1995 då IØ 2 blei lagt inn under Agder Regiment med sete på Evjemoen. 

Evjemoen har eit svært bra øvingsområde i nær tilknytting til leiren, noko som har ført til høg kvalitet på opplæringa og god utnytting av tenestetida. Evjemoen har i åra etter krigen hatt svært mykje å seie for lokalsamfunnet økonomisk, og ein svært stor del av skatteinntektene i kommunen har kome direkte og indirekte frå den militære aktiviteten. Forsvaret sine folk har elles på mange måtar ytt stor og verdifull innsats i bygda kulturelt, sosialt og politisk. Særleg har dei sett merke etter seg i idrettsarbeid og i det friviljuge skyttarvesen. Evjemoen si framtid var i fleire år usikker, noko som sette gråe hår i hovuda på dei lokale politikarane. Etter mykje fram og attende blei det tilslutt vedteke at leiren skulle leggast ned i løpet av 2002. 

Tekst: Olav Arne Kleveland
Bilder: Alf Georg Kjetså