Ordførar i Evje og Hornnes, Bjørn Ropstad, har lenge vore på friartokt til nabokommunane. Då ingen sa ja til ordførarens frieri, tok sentraladministrasjonen saken i egne hender og la hovudane i blaut. Løysinga blei sjølve fasiten på kommunens – ja, faktisk heile regionen - sine utfordringar, skal me tru ordføraren.
               - Nå nedbemanner jo olja for harde livet, og folk kastes ut i arbeidsledighet. Ideen kom då me så at Ekkofisk ga vekk ein oljerigg – ”Gis bort mot henting”, sa annonsa. Og då tenkte me stort, veit du, seier Ropstad.
 
Ingeniør i ryggen
Byggingeniør Olav Morten Heggland i Evje og Hornnes kommune er hyra inn som konsulent på dette. Han var først noko skeptisk, men det varte ikkje lenge då han høyrde kommuneadministrasjonen sitt forslag.
Oljeplattform_310x206.jpg
  Olav Morten Heggland til høyre på bilde.t Kultursjef Irene Falck Jensen til venstre.

- Ordførar i Bygland, Leiv Rygg, fremma jo krav om at det skulle byggast nytt, felles rådhus på Byglandsfjord. Administrasjonen i Evje og Hornnes kommune fremma på si side krav om båe fjordutsikt for alle og varm lunsj for å seie ja til frieriet om samanslåing. Og sjå – vi flytter ein oljerigg til fjorden. Resultatet? Dei får rådhuset på Byglandsfjord seier Bjørn.

  • Og ikkje berre det, smilar han lurt.
  • Dei får innvilga kravet om varm lunsj og alle får fjordutsikt. Men vi får også gitt nytt liv og auka sysselsetjing ved å bygge bru frå riggen og direkte over til Revsnes. Det gir arbeidsplassar.
Korleis løyser dykk utfordringa med parkeringsplassar? Dykk skal vel ikkje ta ein ”Dei grøne” og sende folk på jobb med hest og kjerre?
- Nei, det er jo den enklaste sak i verda. Vi sprenger ut parkeringsplassar i fjellet austforbi Riksvei 9. Alle vert nøgde, smilar Heggland.
 
Helikopter frå Trump
Heggland fortel at dei har vore i dialog med eit amerikansk helikopterselskap om å få frakta riggen.
- Riggen vert ledig til nyttår. Me fekk tilbodet ”gratis mot henting”, så om me berre får flytta den, så kan vi få den gratis av Ekkofisk.
 
Men å flytte ein heil oljerigg, korleis i all verda kan det gå bra?
Militærhelikopter.jpg
- Du ser, riggen er bygga opp av moduler som kan fraktast med amerikansk frakthelikopter som er spesiallaga for dette, seier han og viser eit bilete av eit svært svart helikopter. Firmaet er «The Boeing Company» i Seattle. Verdas største produsent av fly og helikopter.
- Dette aktuelle helikopteret har ei lasteevne på 12700 kg. Sånn. Så då kan me flytte modul for modul, konstaterer byggsjefen.
Sjølvaste Donald Trump eig 30 prosent av aksjane i firmaet som produserer dette.
 
Korleis lar det seg løyse å låne helikopter av Trump?
  • Nei, Bjørn nytta sine kontaktar i Junaiten, du får spørje han.
Avtale om hjelp mot statue og prosentar
For sanneleg har ikkje Ropstad vore på tur. Resultatet blei ein fusjon av presidentkandidat-Trump sine planar om styrking av det militære, og Evjes utvikling.
- Eg kom på ideen då eg tenkte tilbake på ein gong eg drog på research-tur til ein småby i Minnesota for å sjå korleis dei løyste sine lokale støyproblemer med forsvaret. Her har dei store støyskjermar, veit du. Og då tenkte eg: Om dei tenker stort, kvifor kan ikkje me gjere det?
Han sendte eit forslag, og det varte ikkje lenge så fekk han ein telefon frå Trump sjølv. Han ville leige ut helikopter.
Bakteppet for det heile er presidentkampanjen opp mot valet til hausten.
- Trump har sagt at når han blir president i USA til hausten, så vil han setje i gang en stor NATO- øvelse i Europa i byrjinga av 2017. I det høve vil han nytte dette fraktoppdraget som ein del av øvelsen. På den måten kan US Navy trene forflytning av tungt militært utstyr. Han i vil den forbindelse setje inn 100 helikopeter til transporten.
              
Men Trump gir vel ingenting gratis? Kva vil han ha tilbake?
  • Alt han vil ha som takk er statue på toppen av riggen. Og aksjar om det vert funnet olje.
Rallartida spritar opp festen
For du må du tru om att om du trur det stoppar med kommuneadministrasjonen på oljerigg. For dei har også håp om å finne olje i fjorden. Og for å finne olje på ein stad som dette må dei grave djupt. Ja, dei spår faktisk vekst av rallarar i bygda.
  • Og då løyser me tvisten med denne spritserveringa.
Dagleg leiar av Aases verden på Evje har nemleg sagt ja til å ta seg av alkoholserveringa i heile kommunen. - Eg har sagt ja, men det handlar om å gje og ta, så då kravde eg støtte tilbake, bekreftar Aadal på telefon med Setesdølen. Og han fekk tilfredsstillande svar på ultimatumet. For då Line Vennesland i Arbeiderpartiet fekk forslaget lagt på bord, så kunne ho ikkje nekte rallarane ein ekstra time på spriten. Ho måtte ofre den gamle arbeidarideologien om å la spriten liggje. Ho innkalla til ekstraordinært kommunestyremøte, benka forslaget på nytt – og fekk med seg alle utanom Krf-arane som sjølvsagt måtte følgje programmet.
- Ja, eg vart så imponert då eg fekk prosjektet lagt framføre meg, at eg måtte la dei få attende den siste sprittimen, seier Vennesland.
- Då vert drosjenæringa fornøyde også, seier Ropstad.
               Me får svar på sms frå Rygg i Bygland om at alt som gjenstår no er å finne ut av  nokre praktiske løysingar.
- Ja, det er jo nokre småting eg må sjå på, men ellers, ja – det ser ikkje galt ut, skriv han og dreg på med heile fem smilefjes.
 
Miljøsjefen noko skeptisk
Den einaste som framleis ikkje trur at løysinga ligg i olja, er miljøsjef, Hildur Håkås.
- Nei, for kva med bleika? Og kva om dei finn olje? Det vil jo gje store miljøutslepp.
Ja kva så med den kjente og kjære bleka i fjorden? Korleis vil den ta i mot ein svær oljerigg midt i akvariet?
               Når me spør ordførar Ropstad, så smilar han.
- Men me flytter jo berre bleka til Høvringen. Kanskje slepp me litt i bekken og. Då får hytteturistane på Gautestad ennå finare bademoglegheiter, seier han.
Han blar opp ei planteikning og brettar ut på bordet.
- Og når det gjeld utsleppa. Har du sett kor stor ein plass riggen har på toppen? Her skal vi leggje solcellepanel for å dekke strømbehovet, me siktar også på å setje rallarane til å grave djupt nok til å finne varmen som ligg i bakken. Då får me sikra at energien kjem frå  naturlege kjelder. Så då gjeng det opp i opp, sier ordføreren.
- Kombinert helikopterplattform og solcelleplattform, seier han.
Heggland peker på det som vert takterassen skissert med grøn fargeblyant.
  • Ja, nå kan me nesten ha sånn derre house party på takterassen, humrar Ropstad, men viker med blikket når me spør om kven som skal drive baren og når den skal stenge. Me får til nåke med Aadal, me gjør det, svarar han.
Men kaster ikkje statue av Trump skygge over solcelle panelene?
  • Som sagt. Det handlar om å gje og ta.
Men kva med badeplassane?
  • Eg har sagt det før og seier det igjen: Det er noko med dette å gje og å ta. Så som bleika får dei åke til Høvringen. Me skal lage fin strand til dei, lovar ordførar Ropstad.
 
Kultursjefen i dialog med Åsmund Åmli
Kultursjef, Irene Falck Jensen, let ikkje kulturtiltaka vente på seg.
- Eg kan seie det at eg er i dialog med Åsmund Åmli om eige show på Bjoren, seier hun.
Bjoren?
- Ja, då får me aktivert Bjoren meir. Heggland har lova meg eiga brygge så den kan legge til kai inntil riggen, seier ho.
- Da får me ikkje berre styrka turistnæringa og lokalt næringsliv – me får eit rikare kulturliv.
               Ho meinar også det kan styrka samhaldet mellom kollegaene i den nye storkommunen.
- Hvis dei bygger bru direkte til Revsnes, så kan veka skli rett ut i fredagspils. Sånt blir det vennskap og kjennskap av. Og asylmottaka er velkomne, så får me bygga bru i biletleg fortand. Så kan me krysse ut integrering på lista over mål. Her slår vi kultur, integrering av framande kulturar og sysselsetjing i ein smekk. Kanskje får me flytta ut biblioteket også. Kven veit? Himmelen er målet, er det ikkje så dei seier?
 
Sterkt regionsenter og auka sysselsetjing
- Her tenker me prosessorientert, løysingsorientert og utviklingsorientert, forklarer Ropstad og meiner dei vil bygge eit sterkt regionsenter med riggen.
- Det vil jo då bli ekstra mange arbeidsplassar. Det trengs mykje til drift. Alt i frå vaskepersonell til personlege trenarar, for det er jo så fint eit idrettsanlegg på riggen.
- For ikkje å snakke om kva for ein turistattraksjon dette kan bli! Dette vil være et løft for hele regionen.
               Han får støtte frå kultursjefen.
- Sånn får vi også løyst utfordringa med sysselsetjing. Vi freistar å freiste nye yrkesgrupper til bygda. Dette vil på sikt før med seg en sterk auke i kompetansen i kommunen, seier Falck Jensen, og meiner at kombinert soldekk og helikopterplattform vil gjere det enkelt å få folk til konsertarenaen. Ho håper etterkvart å nytte Aadal sine kontaktar i bransjen og invitere store band til å spille på toppen.
- I sommarsesongen er det ein moglegheit, seier ho.
Sentraladministrasjonen meiner ordføraren visar omstillingsvilje, og vilje til å møte miljøkrav om gjenvinning via gjenbruk av materiale, som både riggen og Bjoren.
- Funksjonell gjenbruk, som ein kallar det. Kanskje vert me etterkvart sertifisert som miljøfyrtårn. Ja, så tek det nokre badeplassar, men det handlar om å gje og ta, så får me ordna ei berekraftig utvikling, seier Ropstad.
Leder i Evje utvikling, Connie Bartholm, vil ikkje sei så mykje ennå. Ho vil vise resultata først – sel ikkje skinnet. Men ho er villig til å fylgje ordføraren sin filosofi.
               - Eg er klar til både å gje og til å ta, seier ho.

Ved journalist, Ida Marie Haugen Gilbert

EKOFISK_L_Press-Photo_310x355.jpg  
Bildet over viser samme type rigg som Ekkofisk gir bort mot henting