Setesdalsregionen fremst - distriktsmedisinsk samarbeid i indre Agder
- Vi er veldig fornøgde med å ha fått i gang eit samarbeid med SSHF for å sjå på om det let seg gjere å utføre poliklinisk behandling på Evje, seier dagleg leiar i regionrådet, Signe Sollien Haugå. Fleire oppgåver som i dag blir utførde på sjukehuset, kan gjerast lokalt dersom forholda blir lagde til rette av sjukehuset og kommunane. Klinikk for psykisk helse ved Sørlandet sykehus har hatt eit desentralisert tilbod på Byglandsfjord i fleire år, noko som ikkje berre er eit godt tilbod til pasientane, men også er ein verdfull ressurs for kommunane. Engasjementet og dei positive signala vi får frå sjukehuset, gjer at vi er optimistiske med tanke på til å få til ei spennande og framtidsretta helseteneste for indre Agder, som mange kan nyte godt av.
- For kommunane er ei av dei viktigaste oppgåvene i framtida å styrkje det førebyggjande helsearbeidet, og å utvikle gode lærings- og meistringstilbod lokalt. Ei distriktsmedisinsk satsing vil konsentrere seg om førebyggjande arbeid innanfor område og tiltak som gjev dokumentert effekt. Eit nært samarbeid interkommunalt og med fagmiljøa på Sørlandet sykehus gjev spennande høve til god samhandling også på dette feltet, seier rådmann Jens Arild Johannessen. Han og Wenche Tangene er nøkkelpersonar i helsesatsinga i Setesdal og i samarbeidet som no er etablert med Sørlandet sykehus.
- I tillegg til at innbyggjarane vil kunne få ei desentralisert spesialisthelseteneste, vil eit distriktsmedisinsk senter også kunne hjelpe til med å styrkje samarbeidet mellom fagmiljøa. Gode fagmiljø er viktig for rekrutteringa i regionen. Eit tettare samarbeid mellom kommunane og sjukehuset vil føre til utveksling av kompetanse. Dette er viktig for å sikre pasientane eit godt og heilskapleg tilbod, supplerer Wenche Tangene.
Helse er eitt av dei strategiske satsingsområda våre og tema for drøfting av regional utvikling. Her kan det kome nye kompetansearbeidsplassar i distriktet. Vi er gjerne med på å leggje til rette for ”klyngjetenking” i praksis, avsluttar dei.
FAKTA
Styringsgruppe: Klinikksjef for medisinsk klinikk, Nina Iversen og rådmannsutvalet for setesdalsregionen. Prosjektkoordinator i Setesdal regionråd, Wenche Tangene, leier forstudieprosjektet. I prosjektgruppa er desse med: avdelingsleiar på medisinsk avdeling, Gunnar Hall Skavoll, avdelingsoverlege Ole Rysstad, seniorrådgjevar på medisinsk klinikk, Else K. Reitan, avdelingsleiar på kirurgisk avdeling i Kristiansand, Geir Bøhler, spesialkonsulent på klinikk for psykisk helse, Anne-Brit Dræge, rådmann Jens Arild Johannessen, Evje og Hornnes kommune, kommuneoverlege Stein Vabo, Bykle kommune og kommuneoverlege Åsulv Horverak, Bygland kommune.
For meir informasjon:
SR Wenche Tangene – mobil 46680166
SSHF Gunnar Skavoll – mobil: 99300022
