Har du ein pc eller eit nettbrett du ikkje får brukt, eller kan du noko, og skulle gjerne lært meir?

Måndag 23. januar kl. 1700 får vi besøk av Joop Cuppen frå Seniornett Norge. Han fortel om organisasjonen og korleis vi i Evje og Hornnes kan danne ei seniornettgruppe. Med ei slik gruppe kan vi nytte Seniornett sine tilbod om gratis kurs i bl.a. nettbrett, smarttelefon og pc.

Hensikta med å starte opp ei lokal seniornettgruppe er å skape ein arena for aldersgruppa frå ca. 55 år og oppover, som enten ikkje er digitale eller som synes det er utfordrande å oppdatere seg på eigenhand.

Seniornett Norge er en friviljug organisasjon og har sidan starten i 1997 jobba for å inkludere seniorar i den digitale kvardagen. Data får en viktigare og viktigare plass i samfunnet, og store grupper opplever at dei faller utanfor. Både i arbeidslivet, i det sosiale livet og i den praktiske kvardagen forventas det i dag at ein mestrar data. Seniornett Norge har lokale grupper over heile landet.

Velkommen!

Seniornett_large.jpg