Tid for å søkje om plass i kulturskulen for neste skuleår
Ein kan søkje elektronisk eller på papir:
Det elektroniske søknadsskjemaet her på sida er no klart for eit nytt skuleår, og i veka som kjem blir infobrosjyre med søknadsskjema delt ut på skulane og lagt ut på biblioteka og kommunane sine servicekontor.
Kulturskulens tilbod er populære, og me har til tider fleire på venteliste enn me skulle ønskje. Difor blir det og arbeidd for å få større ressurser til kulturskulen i dei to kommunane våre.
Me kan ikkje love at alle som søkjer får plass frå oppstart til hausten, men me gjer alt me kan for å gje flest mogleg plass!
Får ein ikkje plass med ein gong blir ein sett på venteliste, og når noko blir ledig er det dei som har stått lengst på venteliste som fyrst får plass.
Det varierer mellom dei ulike aktivitetane om me har ventelister og kor lange desse i så fall er. Det varierer og frå år til år.
Bodskapen frå oss er klår: har du lyst på plass i kulturskulen, så søk no!
Dei som alt har plass treng ikkje søkje på nytt for å behalde plassen neste skuleår, men me treng ei melding frå foreldre/føresette om at de ønskjer å behalde plassen.
Send oss ein e-post, eller send inn utfylt søknadsskjema som ei bekrefting.
Har de endra adresse eller telefon er det og greit om me får melding om det.
Frå dei som alt står på venteliste, ønskjer me og melding om de vil vidareføre søknaden for neste skuleår eller ikkje.
Likeeins vil me gjerne ha melding frå dei elevane som ikkje vil halde fram til hausten.
Send melding skriftleg, anten i form av eit brev, ein e-post eller ved å nytte kontaktskjemaet.
Søknadsskjema for Kulturskolen
For meir informasjon om tilboda: sjå Kulturskolen i Bygland , Evje og Hornnes
E-post til administrasjonen i kulturskulen: anne.kari.lia@e-h.kommune.no
