Kven er dette aktuelt for?

Norskkurs på høgare mellomnivå er for deg som allereie har basiskunnskapar i språket og vil bli meir sjølvstendig når du kommuniserer på norsk Norskkurs på mellomnivå B1 passer for deg som kan en del norsk frå før - og som ønskjer å lære meir om norsk språk og samfunn. 

Førebuingskurset til Bergenstesten passer for deg som ønskjer å skaffe deg fullverdige språkkunnskapar for deltaking i norsk samfunnsliv og yrkeskarriere i Norge. Bergenstesten er godkjent inntaksgrunnlag for høgskular og universitetsstudiar i Norge. Det og relevant om du har universitets/ profesjonsutdanning frå utanlandske universitet og høgskular der det er profesjonskrav t.d. i helsesektor / undervisingsektor osb for å få fast tilsetting.

Norskkurs på høgare mellomnivå

Vi tilbyr norskkurs på høgare mellom-nivå (B2).

Kurset vil gå over 8 veker – fordelt på 16 samlingar over 3 timer. Kurslærar vil vere Torhild Austad. Alle som ønskjer å delta på dette må ha norskkunnskapar på B1-nivå.  Meir om kurset finn du på: https://www.folkeuniversitetet.no/Spraakkurs/Norskkurs-mellomnivaa/Norskkurs-hoeyere-mellomnivaa

Nivåtesten er gratis og den kan du ta sjølv ved å gå inn på www.folkeuniversitetet.no for å sjå om du er klar for å melde deg på kurs.  Ved fullført kurs – og minimum 75% oppmøte- får deltakar kursbevis.

Kursstart: 5.desember 2016 – avslutning 9. februar 2017. Påmeldingsfrist: snarast og seinast fredag 25.november 2016

Førebuing til «Bergenstesten» - norskkunnskapar på høgare nivå 

På nyåret vil det vere kurs i førebuing til «Bergenstesten».  For å delta på dette må kursdeltakar ha norskkunnskap på høgare nivå (B2/C1) – Tilsvarande kan ein sjekke eige nivå – med gratis nivåtest på www.folkeuniversitetet.no før ein melder seg på dette. Dette kurset vil også gå over 8 veker – fordelt på 16 samlingar over 3 timer, og Torhild Austad vil vere kurslærar.  

Meir info om kurset og innhaldet finn ein på: https://www.folkeuniversitetet.no/Spraakkurs/Norskkurs-mellomnivaa/Norskkurs-hoeyere-mellomnivaa-Forberedelse-til-Bergenstesten

Kursstart: 13.februar 2017 – avslutning/repetisjon 30. mars 2017 ( Bergenstesten: 1.april 2017) Påmeldingsfrist: innan; 4.feb 2017


Anna (gjeld båe kursa):

  • Kursstad: Bygland (ev der det er flest deltakarar)
  • Undervisingsdagar/-tid: måndagar og torsdagar Kl 17:30-20:15
  • Målform: Båe kursa vil ha bokmål som målform
  • Kursavgift: blir dekka av Setesdal regionråd for deltakarar i Setesdal, (ca 4.900 pr deltakar og inntil 15 deltakarar). Deltakarar kjøper sjølv kursbøker.

For spørsmål / melde interesse og påmelding :

Kontakt sorlandet@folkeuniversitetet.no eller Joanna Sunnset på tlf  37003660

Sjå og www.setesdal.no

Kurset vert berre gjennomført med minst 4 deltakarar.

norskkurs.jpg