bilde

Visning: A A A A A

Vil du ta sjukepleieutdanning lokalt hausten 2012?

Setesdal-, Lister- og Lindesnesregionane og Universitetet i Agder (UiA) skipar til nytt distriktsvennleg sjukepleiestudium som starter hausten 2012. Så sant det blir nok deltakarar - minst 5 frå regionen, vil det bli ein undervisingsstad knytt til ei av avdelingane til Setesdal vidaregåande skule. Potensielle søkjarar inviterast til å kome på informasjonsmøte tysdag 21.februar kl. 17.00 på Setesdal vidaregåande skule, avd. Hornnes.

UiA vil orientere om studieopplegget, opptakskrav og svare på spørsmål vedrørande søknadsfristar osb. Merk at søknadsfristane er 1. mars 2012 for dei med realkompetanse, og 15. april for søkarar med generell studiekompetanse.

Vi gjer merksam på at det  er viktig at alle som ønskjer å søke tek kontakt med studieansvarleg og får sjekka ut/godkjenning i høve realkompetansevurdering - dersom ein ikkje har generell studiekompetanse.

Kontakt gjerne Kari Kruger Grasaas på UiA om du vurderar å søkje - og ikkje har høve til å møte på informasjonsmøtet for direkte rettleiing/informasjon - UiA tlf 38 14 10 00.

Her kan du finne nyttig informasjon om opptak  og lenke til UIA sin søknadsWeb.