Kommunane har hatt to møte om saka, saman med advokat. Ei revisjonssak kan ta mange år, og sjølve prosessen er det NVE som har styring med.

Før kommunane kan senda krav om revisjon må det kartleggast kva ein krev revisjon av. Til dette treng kommunane hjelp frå interesseorganisasjonar, grunneigarar og innbyggarar flest. Dette brevet er ein førespurnad om dette.

Kva kan reviderast?

Det er ikkje sjølve konsesjonen som kan reviderast, den ligg fast. Det betyr at det ikkje er aktuelt å legga ned kraftproduksjon eller revidera høgaste og lågaste regulerte vasstand i magasina. Derimot kan det vera aktuelt å sjå på ting som:
  • Sommervasstand
  • Minstevassføring i enkelte elvar
  • Tersklar og/eller vasspeil i elvar og bekkar
  • Erosjonssikring
  • Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv langs vassdraget
  • Endringar i levevilkår for fisk og eventuell fiskeutsetting
  • Endringar i vilt og levevilkår for viltet,
  • Biologiske faktorar
  • Biotopjusterande tiltak
  • Mm.

Det er ikkje løysingane som det er viktig å få inn, men gjerne problemstillingar.

  • Er det til dømes skjedd endringar med miljø, dyreliv, fisk eller ferdsel som ikkje var teke høgde for ved konsesjonstidspunktet?
  • Er det ting som den gong var akseptert men som i dag ville vore handsama annleis?
Merk at det berre er ålmenne vilkår som kan takast opp, spesifikke grunneigarspørsmål som t.d. skjønn og erstatningar er ikkje tema.

Korleis

Kommunane ber om at innspel blir sendt inn til din kommune innan 20. april og tydeleg merka at det gjeld vilkårsrevisjon Otravassdraget.  Ta gjerne kontakt med ein av følgjande:
 
Kristiansand Trond Johanson trond.johanson@kristiansand.kommune.no
Vennesla Eirik Arrestad eirik.arrestad@vennesla.kommune.no
Iveland Inge Eftevand inge.eftevand@e-h.kommune.no
Evje og Hornnes   Inge Eftevand inge.eftevand@e-h.kommune.no
Bygland Inge Olav Fjalestad  inge.olav.fjalestad@bygland.kommune.no
Valle Frode Buen frode.buen@valle.kommune.no
Bykle Sigrid Bjørgum sigrid.bjorgum@bykle.kommune.no

 

Innspela bør følgja dette mønsteret:
  1. Namn på innspelet
  2. Plassering i geografi.
  3. Skildring avproblem/utfordring/skadar eller ulemper ved reguleringa som ein ynskjer skal løysast. Eventuelt også framlegg til tiltak, men dette er ikkje nødvendig.
  4. Namn på innsendar (Berre for at kommunen skal kunne ta kontakt – i endeleg sak vil alle innspela vera kommunen sine innspel)
  5. Eventuelle supplerande opplysningar.
Kommunane tek sikte på at kravet blir utarbeidd seint vår/tidleg haust. Innspela må difor vera innlevert innan 20. april.

Vidare prosess

Dersom NVE opnar revisjonssak etter mottak av krav og godtek at det kan startast revisjonssak, så er det konsesjonæren som utarbeider eit revisjonsdokument. Utgreiingar og faglege vurderingar blir dekka av dei. Etterpå følgjer høyring og innstilling frå NVE, før Departementet fastset nye vilkår.