Klassen har forska på: "Korleis var det å vere born i gamle dagar og var det betre før enn no?"

Etter at klassen hadde formulert ei problemstilling, har dei jobba etter forskingsmetoden i nysgjerrigper. Dei laga plan for korleis dei skulle hente opplysingar: Intervju med foreldre og besteforeldre, besøk på museum og utprøving av korleis det var å leve ein dag i "gamle dagar" både på skulen og heime.

Dei søkte og fekk pengar frå Nysgjerrrigperfondet for å kunne dekke skyssutgifter til å besøke Kuben i Arendal. Her var dei på utstillinga: Med tidsmaskin til barndommen.

Heile forskningsrapporten kan leses her: https://www.nysgjerrigpermetoden.no/Prosjekt/Report/50331. Her kan du blant anna lese: "Vi prøvde å leve som i gamle dagar ein heil dag på skulen. Då brukte vi ikkje smart tavla, datamaskin og iPad. Når vi skulle finne informasjon i naturfag, måtte vi slå opp i Atlas!"

Årets Nysgjerrigper 2017 blir kåret i mai. Vi krysser fingrene!

Om konkurransen

Nysgjerrigper er Forskningsrådet sitt tilbod til barn og unge, og spesielt av interesse for elevar og lærarar i barneskulen. 
Dei jobbar for at fleire skal vite kva forsking går ut på, og for at fleire skal få lyst til å jobbe med forsking.