Illustrasjonsbilde_Av-og-til_Forminsket_500x346.png
Illustrasjonsfoto: Av og til

– For barna som har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje, kan nye veker borte frå skule og barnehage vere ekstra vanskelege, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

Ho oppfordrar folk i Setesdal til å følgje med og ta affære dersom dei er bekymra for eit barn.

Samarbeider om alkovett

Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes er Av-og-til-kommunar og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk. Kommunen støttar oppfordringa om å bry seg litt ekstra i sommar.

– Alle barn fortener ein trygg og god sommar. Vi vil gjere alt vi kan for at alle barn i Setesdal skal få ein fin sommarferie, og vi oppfordrar alle til å vere trygge vaksne og hjelpe når dei ser barn som slit, seier Gro Berit Straum, Av-og-til koordinator i kommunane i Setesdal.

Slik kan du hjelpe:

  • Dersom du er i ein situasjon der ein forelder drikk for mykje framfor barnet sitt, kan du prøve å snakke med vedkommande på ein roleg og diskré måte. Dersom denne personen er for påverka til at det går an å ha ein normal samtale, er det best å vente til dagen etter og heller prøve å skjerme barnet mest mogleg.
  • Dersom du er bekymra for at eit barn ikkje har det bra heime, er det viktig å vise at du bryr deg. Spør barnet korleis det går, og gi det tid og omsorg.
  • Inviter barnet med på familieaktivitetar som grilling, ein tur på stranda eller spelkveld.
  • Dersom du er usikker på kva du skal gjere, eller mistenkjer at situasjonen er akutt, kan du ringje Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Der kan du få råd og hjelp frå fagpersonell.

Vil du lese meir?