Nesten 1,8 millionar nordmenn bruker i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Men potensialet for bruk av digital post er vesentleg større. I kommunen vår er det 1027 innbyggjarar som har teke i bruk digital postkasse. Det utgjer 36,2 % prosent av alle innbyggjarane over 15 år i kommunen – og det plassera oss på 157. plass blant landets kommunar.

Gjennomfører kampanje

Me brukar i dag store ressursar på papirpost. Difor set me i gang ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein hyggeleg e-post frå kommunen med ein oppfordring om å gjera dette. 

Dei som ikkje har digital postkasse, får sine brev sendte i posten. Dette kostar omlag 14 kroner pr. brev. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar vi kunne brukt på noko langt meir nyttig, som til dømes barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at flest mulig innbyggjarar går over til digital postkasse slik at vi sparer desse ressursane og ikkje minst miljøet.

Praktisk for innbyggjarane

Me trur også at mange innbyggjarar vil tykkje digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen, same kor du er. Raskt, sikkert og enkelt!

Skaffar du deg digital postkasse vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggesaker og mange andre typar dokument i den digitale postkassen. Der blir dei liggande i ditt personlege arkiv så lenge du vil.

Slik skaffar du deg digital postkasse

Gå inn på norge.no
  • Vel «Digital postkasse»
  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
  • Vel enten Digipost eller e-Boks
    Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.