Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i landet. Difor kan du røyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Førehandsrøysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsført.

Servicekontoret

På Servicekontoret på Evjemoen kan du førehandsrøyste:

Kvardager kl. 08.00 - 15.00
Torsdag 5. september kl. 08.00 - 18.00

Evjeheimen kafeteria

På Evjeheimen kafeteria kan du førehandsrøyste:

Laurdag 24. august kl. 10.00 - 14.00
Tysdag 27. august kl. 10.00 - 14.00

Evje sentrum

I Evje sentrum, i 1. etasje i Sentrumsbygget mellom Norli og Alle Tiders, kan du førehandsrøyste:

Laurdag 31. august kl. 10.00 - 15.00

Valkort og legitimasjon

Har du fått valkort, ta det med. Du trenger ikkje valkortet for å stemme, men det sparer deg for tid.
Husk å ta med legitimasjon!

Røysting heime

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møte fram i vallokalet eller der førehandsrøysting går føre seg, kan du be om å få røyste der du oppheld deg. 
Du må då ta kontakt ved å sende ein e-post til post@e-h.kommune.no eller ringe Servicekontoret på 37 93 23 00.
Fristen for å søke er tysdag 3. september 2019.