Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i landet. Difor kan du røyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Førehandsrøysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsført.

Servicekontoret

På Servicekontoret på Evjemoen kan du førehandsrøyste:

Kvardager kl. 08.00 - 15.00

Evje sentrum

I på torget i Evje sentrum kan du førehandsrøyste:

Laurdag 21. august kl. 11.00 - 15.00
Laurdag 28. august kl. 11.00 - 15.00
Onsdag 1. september kl. 12.00 - 17.00
Laurdag 4. september kl. 11.00 - 15.00
Onsdag 8. september kl. 12.00 - 17.00

Valkort og legitimasjon

Husk å ta med legitimasjon.
Du trenger ikkje valkortet for å stemme, men det sparer deg for tid.
 

Røysting heime

Veljarar som på grunn sjukdom, uførleik eller isolasjonsplikt grunna covid-19 ikkje kan røyste i eit vallokale, kan søke kommunen om å røyste heime eller der dei er.

Fristen for å søkje om å røyste heime eller der du oppheld deg er fredag 10. september kl. 10.00. 

Er du pålagd isolasjon grunna covid-19 kan du søkje fram til kl. 10.00 på valdagen om du røyster i kommunen du er manntalsført i.

Du må da ta kontakt med Servicekontoret på post@e-h.kommune.no eller tlf. 37 93 23 00.