sommerbarn_pexels-jill-wellington-35545.jpg
Illustrasjonsfoto: www.pexels.com

I ferien kosar vi oss ofte litt ekstra. Vi har fri frå kvardagsstresset, et god mat og set gjerne øl og vin på bordet tidlegare på dagen enn elles. Kvardagar kjennest som helg, og barna er oppe lenger og får med seg meir av det som skjer.

Mange undervurderer kor raskt ein blir påverka av alkohol, og kva det gjer med barna våre. Barn merkar at vi forandrar oss når vi drikk alkohol, og dei gjer det raskare enn vi trur. Og det vi vaksne synest er positive effektar av å drikke, opplever barna heilt annleis. 

Sjølv tenkjer du kanskje at du berre blir gladare og meir morosam når du har drukke nokre glas vin. Barna dine kan derimot tenkje at du er annleis, og at du ikkje har tid til dei og tankane deira, og dei blir kanskje urolege for kva som skal skje seinare på kvelden. Lykkepromillen ser annleis ut med barneauge.

Seks råd om alkoholbruk rundt barn i sommar

Ha flest dagar utan alkohol. Når barna blir spurde, seier dei fleste at dei synest det er greitt at foreldra drikk alkohol ein gong i veka eller sjeldnare. Berre tre av hundre synest det er greitt at foreldra drikk kvar dag. Vis barna at ein ikkje treng å drikke alkohol kvar gong ein skal kose seg. 

Drikk maks to glas når du er saman med barna. Tenk igjennom på førehand om du skal drikke, og i så fall kor mykje, når det er barn til stades. Når barna blir spurde, seier fleirtalet at dei ønskjer at vaksne drikk null, eitt eller to glas alkohol når dei er saman med dei. 

Bli einige med andre vaksne. Dersom du reiser på ferie med andre vaksne eller får folk på besøk heime, kan det vere lurt å avtale korleis de skal handtere alkohol når det er barn til stades. Kva er greitt? Og kva er ikkje greitt? Det kan vere lurt at minst éin er edru og kan køyre bil dersom det skulle skje noko. 

Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider. Sommarferien er årets høgdepunkt for barna. Samtidig er det den tida på året der nordmenn drikk mest alkohol. Ver bevisst på at utanlandsferiar, fri frå jobb og seine sommarkveldar aukar risikoen for at du begynner å drikke tidlegare på dagen, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt. Barn blir ekstra sårbare for endringar hos foreldra når dei er borte frå dei trygge rammene, til dømes i eit selskap i eit framandt hus eller på ferie langt heimanfrå. 

Hugs at barn merkar at du har drukke, tidlegare enn du trur. Ofte kan det vere vanskeleg for vaksne å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleve som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere barn usikre og utrygge.

Ikkje gløym morgondagen. Sommarfestar og kalde glas på terrassen er ein del av feriekjensla for mange. Berre pass på at det ikkje blir så mange glas at du neste dag må avlyse skogsturen, badeutflukta eller andre sommaraktivitetar som heile familien har gledd seg til.  

Les meir på Av-og-til sine nettsider.