I samarbeid med fastlegane gjennomfører vi kartlegging med sikte på å utrede heimebuande pasientar. Tilvisning til Hukommelsesteamet kan komme frå pårørande, heimetenesta, spesialisthelsetenesta, fastlegane eller personen sjølv.
 

Hukommelsesteamet har to oppgåver

  • Utredning av heimebuande personar som har problem med hukommelse eller om ein mistenker demens.
  • Drifte pårørandeskular for pårørande til personar med hukommelsesproblem og demens.

Hukommelsesteamet

  • Koordinator Signe Telhaug (Evje og Hornnes)
  • Sjukepleiar Oddveig Flåt Åvitsland (Evje og Hornnes)
  • Vernepleiar Anne Elisabeth Fjose (Bygland)
  • Kommunelege Hallvard Mosdøl (Valle)
  • Sjukepleiar Gerd Torhild Helle Aakhus (Valle)
  • Sjukepleiar Anette Trydal (Bykle)

Dei som Hukommelsesteamet kjem i kontakt med, har til felles at det har skjedd ei mental endring. Hukommelsesproblem er ofte ein del av biletet. Årsakane kan vere fleire og samansette. Det treng ikkje vere demenssjukdom. Problema det skaper i kvardagen kan vere ulike; som depresjon, sorg, ekstraordinære påkjenninger, psykisk sjukdom, forvirringstilstander og fysisk sjukdom.

Ei kartlegging av Hukommelsesteamet kan bidra til å utelukke eller konstatere ei eller fleire av nevnte tilstander.