Alle som vil stilla til val må levera eit listeforslag med oversikt over kandidatane som stiller til val for partiet eller gruppa. Listeforslaget må vera underskrive av fleire personar avhengig av oppslutninga til partiet ved førre val.

Listeforslaga kan både opprettast og blir signerte elektronisk i ei løysing utvikla av Valdirektoratet.

Gå til listeforslagsportalen for å opprette eller signere et listeforslag.

Kan også leverast på papir

Det er valfritt om ein ønskjer å nytta seg av den elektroniske løysinga, eller om ein vil levera listeforslaget på papir. Den elektroniske løysinga er oppretta for å gjera prosessen enklare, men følgjer same regelverk og fungerer på tilsvarande måte som papirløysinga.

Her finner du meir informasjon om listeforslag.

Listeforslag på papir skal leverast til:
Evje og Hornnes kommune
Kasernevegen 19,
4735 Evje

Epost: post@e-h.kommune.no

Fristar

Frist for å levera listeforslaget er 31. mars kl. 12.00. Listeforslaget kan anten leverast på papir eller ved å nytta den elektroniske listeforslagsløysinga. Leverast listeforslaget på papir er det opp til valstyra kvar og korleis dei ønskjer å få listeforslaga levert. 

Frist for å trekke listeforslag er 20. april klokken 12.00.