Tidlegrøysting

Ordninga er meint for dei som ikkje har høve til å røysta innanfor Førehandsrøystingsperioden eller på valdagen. Ordninga gjeld alle veljarar.

Om du ønskjer å røysta mellom 3. juli og 9. august må du ta kontakt med Servicetorget og avtala tid (kvardagar mellom kl. 10.00 - 14.00) for å få røysta.

Førehandsrøysting

Du kan røysta frå 10. august og fram til fredagen før valet. Kvar og når du kan førehandsrøysta vil bli annonsert fortløpande.

I førehandsrøystingsperioden kan alle veljarar stemma ved alle tilgjengelege vallokale i heile landet. Det betyr at sjølv om du høyrer heime i Evje og Hornnes kommune, så kan du stemma i kva som helst annan kommune. Dette er ikkje mogleg viss du skal stemma på sjølve valdagen.

Se videoen under om førehandsrøysting i egen kommune:

Valgdirektoratet - Film 1 from RACECAR on Vimeo.

Se videoen under om førehandsrøysting i ein annan kommune:

Valgdirektoratet - Film 2 from RACECAR on Vimeo.

Institusjonsrøysting

Det vil vera førehandsrøystingsperioden på Evjeheimen og Hornnesheimen. kvar og når me kjem på intuisjonen / sjukeheimen vil bli annonserte fortløpande.

Se videoen under om institusjonsrøysting.

Valgdirektoratet - Film 5 from RACECAR on Vimeo.

Røysta heime (Ambulerande røysting)

Dersom du ikkje kan møta opp i vallokalet på valdagen på grunn av sjukdom eller ufør­leik, kan du henvenda deg til kommunen og be om å få røysta heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å ta kontakt dersom du bur på omsorgssenter, der vert det arrangert førehandsrøysting.