Irene Moe_mai 2022.jpgMoe kjem frå stillinga som tenesteleiar ved Bygland oppvekstsenter i Bygland kommune. Før dette har ho vore assisterande tenesteleiar/inspektør ved same oppvekstsenter. Ho har óg jobba som lærar ved Hylestad skule i Valle kommune.

Ho bur på Heistad, nord i Bygland kommune, er 47 år, sambuar og har tre barn. Sjølv ser ho fram til å ta fatt på oppgåvene ved skulen på Hornnes:

- Eg gler meg til å bli kjend med elevar, føresette og personal. For meg er det viktig med eit godt samarbeid for at vi i lag kan bidra til at skulen blir ein trygg stad der alle kan utvikle seg. I tillegg blir det spanande å bli del av ein større organisasjon og eit større fagmiljø enn det eg kjem i frå.

Torsdag 16. juni skal ho helse på elevar og tilsette på Hornnes barneskule, samt kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.