Syklane er gode og sterke bygdesyklar med god rekkevidde. Nettverket er levert av selskapet Sharebike AS som har utvikla en mobilapp og eit låsesystem som nyttast for å hente ut og levere inn syklane på dei sju stasjonane.
Prosjektet er gjennomført som eit samarbeid mellom kommunane og Setesdal Interkommunalt politisk råd (SIPR) og er også ein del av EU-prosjektet MARA som belyser mobilitet og framkomelegheit i rurale strøk. Syklar og system er finansiert av Klimasats og SIPR, og kommunane har ansvar for drift og vedlikehald.

Stasjonane er på desse stadane:

  • Mineralparken – Hornnes
  • Dølen Hotel – Evje
  • Troll Aktiv – Syrtveit
  • Revsnes Hotell – Byglandsfjord
  • BUA Bygland – Bygland
  • Sølvgarden – Rysstad
  • Bratt Friluftsliv – Valle


Etableringa av eit elsykkelsystem som dette er eit godt eksempel på samarbeid kommunane imellom. Mobilitet i vårt distrikt er viktig, og det grøne skifte gjer at me må ta i bruk både teknologi og alternative transportmetoder. Eit elsykkelnettverk som dette vil gje innbyggjarane i kommunane ein god mogelegheit til å ta seg rundt på tettstadene eller andre utflukter i dalen på ein klimavennleg måte. At elsyklar vert tilgjengeleg for innbyggjarane gir også en mogelegheit for dei til å prøve korleis ein elsykkel fungerer, før dei eventuelt vel å skaffe seg ein slik sykkel sjølv.

For reiselivet i Setesdal betyr denne etableringa mykje. Den vil gi reiselivsbedrifter eit produkt som gir turistar nye mogelegheiter til å utforske vårt fantastiske reisemål, og opplevinga ved å ferdast gjennom Setesdal på ein elsykkel er noko heilt anna enn i bilen.

Offisiell opning av systemet vert 30. september kl. 13:00 på BUA Bygland, Presteneset 20.

Hjarteleg velkomen!

Med helsing
Setesdal interkommunalt politisk råd