Koordinatoren si rolle i Setesdal

Rusmiddelpolitisk handlingsplan legg føringar for tiltak som ein ønsker skal bli gjennomført i kommunane, og interkommunal koordinator psykisk helse og rus har ansvar for oppfølging av tiltaka som er vedteke. Koordinatoren skal:

  • samarbeide med fagmiljøa i dei enkelte kommunane i Setesdal.
  • leie Fagnettverket Psykisk helse og rus i Setesdal.
  • medverke til kompetanseutvikling blant helsepersonell i Setesdal.
  • arrangere fagdagar, tilby undervisning på skular og bidra til kompetanseheving der dette er naturleg. 
  • drive førebyggande arbeid.
  • bidra til gjennomføring av Ungdata-undersøkinga på ungdomstrinnet, og sjå på moglegheitene og behovet for førebyggande tiltak i skulen.
  • blant anna vere pådrivar og koordinator for førebyggande tiltak, som samarbeid med alkovett-organisasjonen «Av-Og-Til».
  • medverke til pårørandearbeid i Setesdal.