Sidan det vart opna for å førehandsrøyste måndag 12. august, og fram til og med fredag 6. september, har Evje og Hornnes kommune motteke i alt 662 røyster. 74 av desse gjeld andre kommunar, og dei vert difor sendt dit.

Valansvarlege frå kommunen har mellom anna tatt imot røyster på Evjeheimen, i Evje sentrum, på Hornnesheimen, i Evje fengsel og på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes. I tillegg har kommunens Servicekontor hatt opent 08:00-15:00 kvar dag.

Bruk røysteretta di. Godt val!