AvOgTil_idrett_hekkeløp_4612_600x400.jpg
Foto: Av-og-til

Berekningar frå Folkehelseinstituttet viser at 90 000 barn i Noreg har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje alkohol. Det vil seie at det mest sannsynleg er barn og unge i alle idrettslag som har ekstra behov for ein trygg arena å vere på.

– Det skal vere positivt og inkluderande for barn og unge å drive med idrett i Setesdal. Då er det viktig at dei møter trygge rammer og vaksne som viser at dei bryr seg, seier Gro Berit Straum, Av-og-til-koordinator i Setesdal.

Ungdommar treng å bli heia på

Kommunane i Setesdal samarbeider med alkovettorganisasjonen Av-og-til for å gjere idretten til ein trygg stad å vere for alle barn og unge. I år vil vi vere ekstra merksame på ungdommane i idretten.

– For dei som veks opp i ein heim med for mykje alkohol, kan idretten vere heilt avgjerande. Her kan barn og unge få ein fristad der dei føler seg trygge og opplever meistring, og der dei blir sett. Derfor legg vi i Av-og-til stor vekt på idrett i arbeidet vårt, seier generalsekretær i Av-og-til, Randi Hagen Eriksrud.

Ho meiner at det kan vere lett å tru at ungdommar er meir sjølvstendige og mindre sårbare enn dei eigentleg er. Men det å vekse opp i ein heim der mamma eller pappa drikk for mykje, gjer vondt uansett kor gammal du er.

– Derfor er det viktig at trenarar og idrettsforeldre tør å vere tett på, også når barna blir eldre. Idretten er ein stad der ungdom kan bli sett av gode, trygge vaksne som heiar dei fram, seier Eriksrud.

Ver ein god støttespelar

Av-og-til koordinator i Setesdal har ei klar oppfordring til innbyggjarane om å vere gode støttespelarar i ungdomsidretten:

– Vis interesse for ungdommen, spør korleis det går. Ver ein vaksen som dei kan snakke med, og som er villig til å lytte, seier Straum.

Vil du vite meir om kva du kan gjere?

Meld deg på nyheitsbrev og få verktøy, tips og råd for arbeidet i idrettslaget: https://avogtil.no/meld-deg-pa-nyhetsbrev-om-idrett/