Manntal til offentleg ettersyn

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn frå og med 29. juli og fram til valdagen 9. september på desse stadene:

  • Servicekontoret på Evjemoen (fullstendig manntall/alle kretser)
  • Biblioteket på Evje (fullstendig manntall)
  • Esso Bensinstasjon, Hornnes (Hornnes krets)

Har du nyleg flutt til kommunen?

Har du nyleg flutt til kommunen og folkeregisteret har tatt i mot flyttemelding frå deg innan 30. juni 2019, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flutte frå. Du kan då velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Krav om retting

Dersom du meiner at du sjølv, eller nokon annan med urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp denne feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.

Adresse til valstyret er:

Valstyret i Evje og Hornnes, Kasernevegen 19, 4735 Evje

Bjørn A. Ropstad
Leiar i valstyret
Evje og Hornnes kommune