Du har kanskje mista ein du er glad i dei siste åra? Den mørke tida gjer deg trist til sinns? Du har det kanskje vanskeleg fordi nokon du er glad i drikk for mykje alkohol i høgtida, eller du har nokon som utøver psykisk og fysisk vold mot deg eller nokon du er glad i?
Det kan vere du treng nokon å snakke med.
Sjå lista over hjelpetelefonar og nettstader ved å følge lenka her:
Hjelpetelefonar og nettstader - Rådet for psykisk helse
Utvalde telefonnummer ein kan ringe:
- Mental Helses hjelpetelefon: 115 123 (heile døgnet)
- Kirkens SOS: 22 40 44 40 (heile døgnet)
- Alarmtelefonenen for barn og unge: 116 111
- LEVE - landsforeining for etterlatte ved sjølvmord: 22 36 17 00 (kvardagar kl. 09-15)
Dersom det er vanskeleg å finne vegen til å få hjelp, ta kontakt med:
Gro Berit Straum, interkommunal koordinator – psykisk helse og rus
Mobil: 948 23 138
E-post: gro.berit.straum@e-h.kommune.no
Illustrasjonsfoto: www.pexels.com