Oppdragsgjevar/forslagsstillar
På oppdrag frå Marianne og Bjørn Dovland, og i samsvar med §§ 12-8 og 12-3 i Plan- og bygnings-lova, vert det med dette varsla oppstart av privat detaljregulering for bustadområde SOLSTAD på Evje, del av gnr. 55, bn.19. Planen påverkar også g. nr. 50/27, 152, 253, 290, og 55/1, 18, 21, 22, 24, 43, 44, 51, 68, 75, 78, 79, 163, 159, 161, 174, 175, 176, og 56/104, 106, 140, i Evje og Hornnes kommune. Planen vedkjem også SVV 600/42. Plangrensa er fastsett i samarbeid med kommunen.

Føremål
Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for eit unikt bustadområde med tilhøyrande anlegg og tilkomst. Innanfor planområdet er det eldre busetnad og ny skal integrerast i eksisterande på br. nr. 55/19.Bustadfeltet vil verte svært idyllisk ned mot elvekanten. Kantsona skal sikrast med tilgjenge for ålmenta, samstundes som bustadfeltet skal ha tilrettelagde sosiale møteplasser ved vasskanten og på øyane som inngår i planområdet. I området er det tenkt nokre einmannsbustadar og fleire bygg med opp til 8-10 einingar. Forventa tal på bueiningar vil vera 30-40 og prosjektet vil ha ein tydeleg profil knytt til berekraftige bygg og energibruk.

Lokalisering
Området får tilgjenge frå kommunal veg med tilkomst nær skulen, i kulvert under Rv9. Planområdet er lokalisert som vist med plangrense vedlagt.

Gjeldande kommuneplan, dispensasjon, Planprogram
I kommuneplanen for Evje & Hornnes er området avsett som LNF. Dette medfører at planprosjektet må utgreiast særskilt. Det skal lagast KU med bakgrunn i Planprogram, vedtatt av kommunestyret. Denne varslinga gjeld også høyring av det aktuelle Planprogrammet. Det er halde oppstartsmøte med kommunen og løyve til oppstart er gjeve. Referat frå møtet ligg ved.

Utbyggingsavtale
Tiltaket kan utløyse behov for å inngå utbyggingsavtale mellom utbyggjar og kommunen. Med dette varslast at det samtidig med oppstart av planarbeid også skal startast forhandlingar om utbyggings-avtale, jfr. Pbl §§ 17.1-7

​Innspel
Innspel til planarbeidet og Planprogrammet skal sendast til: Plankontoret Hallvard Homme AS 4747 Valle, eller post@plankontoret.no innan 10. juni 2018. Opplysingar kan de få ved å venda dykk til Arnt Christian, 917 30 088, eller Hallvard på 959 37000. 

 

Plankontoret Hallvard Homme AS
Hallvard Homme

Dokumenter: