Planområdet er om lag 42 daa og er i kommuneplanens arealdel avsett til LNF område. Formålet med plan- og konsekvensutgreiinga er å regulere området til fritidsbustader, samt legge til rette for småbåtanlegg og tilrettelegging for friluftsliv for allmennheten.

Planområdet ligg på Runebergodden heilt nord i Evje og Hornnes kommune. Formålet er i strid med kommuneplanen. Det ble haldt oppstartsmøte med Evje og Hornnes kommune 19. mars 2015, kommunen stilte seg positiv til arbeidet og ga klarsignal til varsling .

Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing. Planprogram leggast ut til høyring samstundes med varsling. Det leggast opp til vedtak av planprogram i juni 2015.

Målet med planarbeidet er å vurdere tilrettelegging for fritidsbustader med høg sanitærstandard, samt kva slags konsekvensar eit hytteområde vil få for andre omsyn. Meir informasjon om målet med planarbeidet, samt utgreiingstema, framdrift m.m. går fram av planprogrammet.

Ein ynskjer overføring av avlaup til reinseanlegg på Byglandsfjord. Planarbeidet vil elles følgje dei føresegner og retningslinjer som Evje og Hornnes kommune har utarbeidet.

Tilkomst til området er langs Fv 304/305 snaue 3 km frå Rv 9.

Planarbeidet vil starte opp omgåande. Forslag til detaljplan er tenkt oversendt kommunen for behandling i løpet av september 2015. Kommunen tar stilling til om planforslaget skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Vi ønskjer at dei som har interesser i området og har meiningar om kva som er viktig å ta omsyn til, gir innspel om dette.
Kommentarar/innspel til det igangsatte planarbeidet skal sendast skriftlig, innen 26.5.2015, til:

AT-Skog AS
3870 Fyresdal
eller
mg@atskog.no

Nærmare opplysingar kan fåast ved å kontakte Mona Gundersen på mobil 957 94 342.

Dokumenter

Varsel
Planprogram
Varselkart