Bleke-tiltak i Vassenden veke 38

Otteraaens Brugseierforening planlegg tiltak i Vassenden-området i Byglandsfjord som ein del av Blekeprosjektet. Det vil bli lagt ut om lag 300 tonn gytegrus i Vassenden. Arbeidet skal utførast ved hjelp av helikopter i veke 38, frå måndag 14. september til onsdag 16. september.

I samband med arbeidet må innbyggjarar, hytteigarar og andre som oppheld seg i området rekne med periodar med auka helikoptertrafikk og støy. Arbeidet er veravhengig, og mindre endringar i tidsplanen kan difor oppstå.

Vi beklagar ulempene dette kan medføre og takkar for forståinga. Tiltaket er viktig for å styrkje livsvilkåra til bleke og sikre auka naturleg reproduksjon i vassdraget.

Meir informasjon

Målet med prosjektet er å styrkje den naturlege rekrutteringa av ferskvannslaksen bleke. Tiltaksplanen (sjå link) er utarbeidd av NORCE LFI, Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske. Tiltaka skal restaurere og forbetre gyte- og oppvekstområde for bleke. 

Sjå tiltaksplanen her:

Tiltaksplan for bleka i Byglandsfjorden (2026-2030) (PDF, 13 MB)