Desse lokalpolitikarane sto for ringerunda til næringslivet. Frå venstre: Andreas Engebrethsen (Sp), Else Haugland (Ap), Morten Haraldstad (Krf) og Dag Refsnes (Krf).
Evje og Hornnes kommune
Årets TV-aksjon gjekk til Flyktninghjelpen og arbeidet deira for å gi menneske på flukt frå krig og konflikt ein trygg stad å bu og håp om ei betre framtid.
I Evje og Hornnes starta innsamlingsarbeidet allereie måndag 12. oktober, då den årlege givarstafetten til næringslivet blei gjennomført. Lokale verksemder fekk høve til å bidra til den viktige saka, og næringslivet stilte verkeleg opp for å løfte innsamlingsresultatet. (Sjå lenka under for meir informasjon.)
Alle bøsserutene blei dekte
På sjølve aksjonsdagen var det denne gongen biblioteket i Evje sentrum som fungerte som base for innsamlingsarbeidet.
I år var biblioteket i sentrum base for innsamlingsarbeidet i Evje og Hornnes. Frå venstre: Kjell-Jostein Lillegård frå Evje og Hornnes kommune, Else Haugland, leiar for levekårsutvalet, Morten Haraldstad, ordførar, og Cato Christensen, leiar for planutvalet
Evje og Hornnes kommune
Det var ekstra gledeleg at vi fekk full dekning på alle bøsserutene! Mange lokale gjengangarar stilte som vanleg opp, og med svært god hjelp frå elevar ved Evje folkehøgskule fekk vi nok frivillige til å nå ut til alle delar av kommunen.
Frivilligsentralen og politikarar med familiemedlemmer stilte villig opp som sjåførar for klare å dekkje heile kommunen.
Det gode haustvêret sette ei ekstra fin ramme rundt dagen, og bidrog til at det blei ei hyggeleg oppleving for alle som var ute med bøssene.
Eit resultat vi kan vere stolte av
Innsatsen gav resultat! Evje og Hornnes enda med eit godt innsamlingsresultat, over landsgjennomsnittet målt i kroner per innbyggjar.
Det viser at dugnadsånda og gjevargleda står sterkt i kommunen vår. Når næringsliv, frivillige, skuleungdom, politikarar og innbyggjarar går saman om ei felles sak, kan vi verkeleg få til mykje.
Tusen takk til alle som bidrog
Ein stor takk går til alle bøsseberarane, Evje folkehøgskule, Frivilligsentralen, det lokale næringslivet og alle andre som bidrog til gjennomføringa.
Og ikkje minst: Tusen takk til alle innbyggjarane som tok godt imot bøsseberarane og gav eit bidrag til årets TV-aksjon!
Det er inspirerande å sjå korleis folk i Evje og Hornnes stiller opp for kvarandre og for menneske som treng hjelp andre stader i verda. Saman har vi igjen vist at vi er ein kommune med stort hjarte og sterk dugnadsånd.
Takk til alle som var med på verdas største dugnad!
Se meir informasjon på tvaksjonen.no
Sjå innsamlingsresultatet for vår kommune her:
Resultater for Evje og Hornnes